Innstranda
 

Jonsokbål i Ljonesvågen



Innstrandsongen

mel:Sønnavinnsvalsen.

1.

Her er ein song om bygda vår.

Frå Røyrvik til Tangen me strekkja går.

Her bur me mellom fjord og fjell,

ja her vil me bu ifrå morgon til kveld.


Refr:

Der hjorten trivst og fuglar syng,

der sauene beitar på bøen.

Ei bygd med furuskog og lyng,

og høgt oppi fjellet ligg snøen.

2.

Til stølen vår, ein vakker stad,

på sundagstur kanskje me saman drar.

Til Ljonesvåg med jonsokbål.

der ungane leikar, har bading som mål.


Refr..

3.

Der Ugletveit ligg gøgt og fritt,

ja her kan me sjå både langt og vidt.

Til Tveit og Kolltveit vegen går,

me stansar i skogen der skulen vår står.

Refr.

4.

Til Ljosavatn tanken går,

der vassflata blinkar , ein fiskar får.

Og lenger opp den høge nut,

eit nydeleg landskap som breier seg ut.

refr.

5

Ja no når folk er samla her,

gjester og bygdafolk saman er.

I felleskap og trygge kår,

me lokkar på fleire til Innstranda vår.

Refr.


I og K-E



 
 

Innsranda husar gardsbruk, småbruk, spreidd busetnad , men og fleire små byggefekt.

Industri er her og. Stort gartneri i landsmålestokk, smoltoppdrett på land, gardssagbruk, byggefirma,turisthusvære,  engineringsfirma, hønseri, pelsdyroppdrett,"Hardingsete" og,jordbærdyrking.

Frukt er det nabobygda Linga som er meistrar på.(epler)  -2km

 

"me lokkar på fleire til Innstranda vår..."

(frå Innstrandssongen)