VEDTEKTER FOR INNSTRANDA GRENDAHUS SA.
Desember 2012
§1. NAMN OG SELSKAPSFORM
Innstranda grendahus, INNSTRANDA GRENDAHUS SA. er eit samvirke med vekslande medlemstal, vekslande kapital og avgrensa ansvar.
Innstranda Grendahus SA har foretningskontor i KVAM HERAD .
§2. FØREMÅL
Føremålet med samvirket er å driva grendahus på Innstranda for på den måten å skaffa innbyggjarane på staden ein høveleg samlingsstad med rom for møte, festar, teaterframsyningar, konsertar, studierom, m. m. Samvirket har ikkje som føremål å ha forteneste på tiltaket
§3. BRUK AV HUSET
Grendahuset står ope for alle lovlege formål. Ingen må stengjast ute på grunn av religiøse, sosiale eller politiske syn. Huset vert elles disponert slik som styringsorgana i samvirket finn det føremålstenleg. Det skal takast omsyn til den økonomiske stoda til ei kvar tid, og til dei sosiale og kulturelle føremål som huset skal gje plass til. Dei økonomiske leigevilkåra skal vera dei same for alle som nyttar huset, anten dei er partseigarar eller ikkje. Dei organisasjonar som har partar i huset, og som har gjort mest for å få det reist, skal likevel ha ein førerett når det gjeld leige av lokala.
§4. PARTANE
Partar i samvirket kan teiknast av organisasjonar, lag og privatpersonar i form av kontantinnskot, tømmer, varer eller arbeid. Partseigarane har ikkje ansvar for laget sine plikter ut over dei partane som er teikna. Verdet av kvar part er kr. 200,00.
Det skal førast særskild protokoll over partseigarane og fordelinga av partane. Ved overdraging av privatpersonar sine partar, skal andre partseigarar ha førerett. Lag og organisasjonar har førerett framfor privatpersonar. Denne føreretten gjeld ikkje ved arv og overdraging innan næraste familie.
Partane skal ikkje forrentast, og vert ikkje betalt tilbake ved utmelding.
Det skal ikkje betalast medlemskontigent. Kvar partseigar har ei røyst, anten det er lag/organisasjon eller einskild person.
§5. STYRINGSORGAN I SAMVIRKET
Samvirket har desse styringsorgana:
Årsmøtet.
Styret.
§6. ÅRSMØTET
Årsmøtet er øvste organet i samvirket. Det vert halde innan utgangen av mars og handsamar ordinært desse sakene:
1. Årsmelding og rekneskap.
2. Framlegg til budsjett for det komande året og dei økonomiske disposisjonane elles.
3. Val av styreleiar og styremedlemer i dei åra det er aktuelt.
4. Val av revisor(ar).
5. Andre saker som står på saklista.
Skriftleg innkalling med sakliste og orientering om dato og tid skal sendast ut minst 14 dagar (2 veker) før møtet skal haldast. Framlegg om saker til årsmøtet, må vera styret i hende minst 7 dagar (1 veke) før møtet skal haldast.
Årsmøtet kan ikkje gjera vedtak i andre saker enn dei som står på sakslista. Dei partseigarane som ikkje er representert på møtet, er også bundne av dei vedtak som vert gjorde. Det skal førast møteprotokoll som vert lesen opp ved slutten av møtet, til vedtak og underskrift av to som vert valde på møtet.
Dei som møter på årsmøtet kan berre ha ei røyst, utan omsyn til om dei har fullmakter frå andre partseigarar. Unnateke frå dette, er dei som har fullmakter frå organisasjonane som har partar.
§7. OMFRAMT ÅRSMØTE
Omframt årsmøte kan kallast inn av styret, eller når minst 1/3 av dei røysteføre gjer krav om det. Omframt årsmøte kan berre handsama saker som er sette opp på sakslista for dette møtet.
Alle fristar knytta til det ordinære årsmøtet, gjeld også for omframt årsmøte.
§8. STYRET / VALNEMND
Styret i partslaget skal ha 5 medlemer samt 5 varamedlemer. Innstranda ungdomslag, Innstranda kvinne- og familielag og Hjorten 4H skal ha kvar sin representant med personleg varamann. Dersom nokon av desse vert oppløyste, og/eller nye lag og organisasjonar vert oppretta på Innstranda, kan årsmøtet gjera vedtak om å endra styrestrukturen med omsyn til organisasjonsrepresentantane.
§8forts.
Fastbuande som har adresse på Innstranda og som er aktiv brukar av Grendahuset, kan verta valgt inn i styret sjølv om dei ikkje har part.
Styreleiar skal veljast for eitt år om gongen. Styremedlemene skal veljast for to år om gongen, slik at minst to er på val kvart år. Varamedlemene skal veljast for 1 år om gongen.
nestleiar, kasserar og skrivar vert valde av og innan styret.
Styret kan ta avgjerd i saker når 3 eller fleire av styremedlemene er til stades. Ved likt røystetal gjer formannen si røyst utslaget.
Styret skal setja i verk vedtaka som er gjort av årsmøtet i partslaget og tek elles dei avgjerder som administreringa av grendahuset krev.
Styret har ikkje høve til å selje, pantsetje eller på annan måte hefte laget sine faste eigedomar. Styret kan heller ikkje gjere avtale om kausjonistplikter av noko slag, eller bruke laget sine inntekter til anna enn vedlikehald og drift av huset. Alle slike saker må godkjennast av årsmøtet.
Det skal førast protokoll over forhandlingane i styret. Protokollen skal underskrivast av alle som er til stades på møtet.
Underskrifta til leiar, eller i hans fråvære underskrifta til nestleiar, er bindande for laget.
Valnemnda skal vera på 2 personar og skal veljast av årsmøtet.
§9 REKNESKAP OG BUDSJETT
Styret i samvirket skal syta for at det vert ført tilfredsstillande rekneskap. Rekneskapen fylgjer kalendaråret og vert gjort opp og avslutta pr. 31 desember. Årsrekneskapen og status med underskrifter av revisor(ar) og framlegg til budsjett for komande år skal sendast til medlemene i samvirke, saman med innkallinga til årsmøtet.
Kasseraren har ansvar for at rekneskap og andre dokument vert sende til dei offentlege styresmakter som i fylgje lover og forskrifter har krav på dette.
§10. DISPONERING AV OVERSKOT
Eventuelt overskot i Innstranda Grendahus SA skal setjast av som fond til framtidig hovudvedlikehald. Dersom vedlikehaldsfondet er stort nok til at hovudvedlikehald kan gjennomførast, kan eventuelle overskytande midlar disponerast slik årsmøtet går inn for.
§11. REVISJON
Årsmøtet skal velja ein eller fleire revisorar med nødvendig fagkunnskap.
Revisjonen skal utførast etter dei instruksar som samvirket fastset.
§12. ENDRING I VEDTEKTENE
Endring i vedtektene kan berre gjerast på ordinært årsmøte i partslaget og krev minst 3/4 fleirtal av dei røystene som er representert på årsmøtet. Framlegg til endringar må vera komne til styret innan årsskiftet før samvirke har årsmøte.
§13. OPPLØYSING
Vedtak om oppløysing av samvirke eller overdraging av heile formuen kan berre gjerast på årsmøte der alle partseigarane er innkalla. Dersom oppløysing eller overdraging av eiga skal kunna vedtakast, må minst 2/3 av røystene vera representert på to påfølgjande årsmøte og årsmøtet må gå inn for framlegget med 3/4 fleirtal. Dersom ikkje 2/3 av røystene er representert på møtet, kan oppløysinga eller overdraginga av partane likevel vedtakast dersom 2/3 av dei frammøtte på eit nytt møte, der alle partseigarane er innkalla med minst ein månads varsel, røyster for framlegget, og då utan omsyn til talet på representerte røyster.
§14. DISPONERING AV MIDLANE VED OPPLØYSING
Ved oppløysing av samvirket, skal midlane fordelast høvesmessig mellom lag og organisasjonar som har partar. Dersom ikkje slike finst, skal midlane nyttast til allmennyttige føremål på Innstranda.